HER


Ein veg for varig indre endring

 

HER startar vegen

Du treng ikkje bli ein annan.

Du treng berre å forstå korleis sinnet ditt faktisk fungerer – og kvifor det ofte jobbar mot deg, sjølv når du vil noko sterkt.

Dei fleste lever gode liv på utsida,
men blir styrt av ubevisste mønster på innsida.

 

HER er ein strukturert veg for deg som vil:

  • forstå kvifor du tenkjer, handlar og vel slik du gjer

  • skapa varige vanar utan å pressa deg sjølv

  • leva meir i tråd med det du veit er rett for deg

Dette handlar ikkje om motivasjon.
Dette handlar om medvit, ansvar og integrasjon.

Eg går ikkje denne vegen for deg.

Eg går vegen med deg.

Eg underviser ikkje frå teori åleine,
men frå erfaring, observasjon og praktisk arbeid med menneske som vil ta ansvar for eige liv.


HER er ikkje for alle.

Det er for deg som er klar for å sjå ærleg på deg sjølv – og bli verande.

Dette er ikkje:

  • raske løysingar

  • positiv tenking utan djupne

  • ein ny identitet å ta på seg

Dette er:

  • ei indre omprogrammering

  • steg for steg

  • bygd for å tola kvardagen, jobben og relasjonane dine

Vegen startar med å bli medviten.

Ikkje om fem år.
Ikkje når alt anna er på plass.

Men HER
-og no.

Kortid, visst ikkje no? 

Start fundamentet
Gå vegen i ditt tempo

 

Vegen startar HER

KVEN HER ALDRI VIL VERA FOR

 

HER er ikkje for deg som:

  • leitar etter raske løysingar eller enkle svar

  • vil bli motivert utan å endra noko i kvardagen

  • ønskjer teknikkar, men ikkje ansvar

  • ventar at nokon andre skal “fiksa” deg

  • samlar kurs, bøker og metodar utan å leva dei

HER er heller ikkje for deg som:

  • alltid forklarar kvifor endring er vanskeleg

  • vil ha garantiar før du tek eigne steg

  • trur problemet ligg hos andre menneske eller omstenda

  • vil ha ei ny rolle å spela, i staden for å sjå deg sjølv ærleg

Dette er ikkje ei reise for flukt.
Det er ei reise for nærvær.

KVEN HER ER FOR 

HER er for deg som:

  • har ansvar i livet ditt, men vil ta meir eigarskap på innsida

  • kjenner at noko i deg ikkje får fullt uttrykk

  • er villig til å bli verande når det blir ubehageleg

  • ynskjer varig endring – ikkje ei ny overflate

  • forstår at medvit kjem før meining, og handling før resultat

  • vil byggja stein på stein

HER
krev ikkje at du er perfekt.
Berre at du er ærleg – og villig til å gå vegen.