HER er ein veg for endring
-ikkje nok eit kurs


HER
-er for deg som vil ha ei varig endring.

Du må forstå kva som skapar dine resultat for å vera i stand til å endra dei.

 Det er du som sit med nøkkelen, du treng berre å lære å bruka den.

Vegen starta HER

Nokre går i loop heile livet.
Igjen og igjen.

Endring verkar umogleg.

Og når ein vert eldre ser ein ofte at ein held fram med loop-en våre foreldre også gjekk i.
"Slekt skal følgje slekters gong"
-på godt og vondt.


Heilt til ein lærer korleis ein kan bryta sirkelen og gjera ei varig endring for det som ikkje tener deg.

 

HER er ein strukturert veg for:

  • - deg som vil forstå kvifor du tenkjer, handlar og gjer som du gjer

  • - deg som vil skapa varige, nye vanar utan å pressa deg sjølv

  • - deg som vil leva meir i tråd med det du veit er rett for deg

Dette handlar ikkje om motivasjon.
Dette handlar om medvit, ansvar og integrasjon for varig endring.

Eg går ikkje denne vegen for deg.

Eg går vegen med deg.

Eg underviser ikkje frå teori åleine,
men frå erfaring, observasjon og praktisk arbeid med mennesker som vil ta ansvar for resultat i eigne liv.


HER er ikkje for alle.

Det er for deg som er klar for å sjå ærleg på deg sjølv – og bli verande, sjølv når da vert tøft.
For da vert da.
Endring er ikkje lett (enkelt - men ikkje lett)
og då må du kunna stå i da.

Til det treng du ein mentor.

Dette er ikkje:

  • raske løysingar

  • positiv tenking utan djupne

  • ein ny identitet å ta på seg

Dette er:

  • ein kunnskapsbasert, praktisk prosess 

  • steg for steg

  • bygd for å tola kvardagen, jobben og relasjonane dine

    -for å skapa varige endringar.

Vegen startar med å bli medviten.

Ikkje om fem år.
Ikkje når alt anna er på plass.

Men HER
-og no.

Kortid, visst ikkje no? 

Start med å skapa fundamentet
Gå vegen i ditt tempo

 

Vegen startar HER

KVEN HER ALDRI VIL VERA FOR

 

HER er ikkje for deg som:

  • leitar etter raske løysingar eller enkle svar

  • vil bli motivert utan å endra noko i kvardagen

  • ønskjer teknikkar, men ikkje tar ansvar

  • ventar at nokon andre skal “fiksa” deg eller endra seg

  • samlar kurs, bøker og metodar utan å leva dei

HER er heller ikkje for deg som:

  • alltid forklarar kvifor endring er vanskeleg

  • vil ha garantiar før du tek eigne steg

  • trur problemet ligg hos andre menneske eller omstenda

  • vil ha ei ny rolle å spela, i staden for å sjå deg sjølv ærleg

Dette er ikkje ei reise for flukt.
Dette er ei reise for stabilitet.

KVEN HER ER FOR 

HER er for deg som:

  • tar ansvar i livet ditt

  • er villig til å bli verande når det blir ubehageleg

  • ynskjer varig endring frå innsida– ikkje ei ny overflate

  • forstår at medvit kjem før meining, og handling før resultat

  • vil byggja stein på stein

HER
krev ikkje at du er perfekt.
Berre at du er ærleg – og villig til å gå vegen.